DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.‌

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde Lufthavn Bringeland
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Airlift

Airlift søkjer trainee innan fleire fagfelt

Airlift AS har sin hovedbase ved Førde Lufthavn Bringeland i Sogn og Fjordane og er den største Nord-Europeiske tilbyder av innenlandske helikoptertjenester. Vi har helikopter stasjonert ved våre basar i Førde (Sogn og Fjordane), Kinsarvik (Hordaland), Stranda (Møre og Romsdal), Ljosland (Vest-Agder) og Eggemoen (Buskerud). 

Selskapet er ein del av NHV-gruppen som har sitt hovedsete i Oostende, Belgia. Airlift opererer ein flåte på 16 helikopter og har ca. 70 tilsette. Helikoptera  som er produsert av Airbus Helicopters er av typen AS350 og AS332C

For meir informasjon sjå www.airlift.no.

Trainee i Airlift:

Airlift er i vekst og vi treng nye krefter til å vere med å modernisere og fornye selskapet. Gjennom store nye kontrakter går vi inn i ein spennande periode som gjev grunnlag for ny vekst og ekspansjon.

I Airlift vil du få store moglegheiter til å påverke, og vi ser etter ein person som likar å utfordre og stille spørsmål. Du vil få arbeide innan fleire fagfelt, m.a. økonomi, salg- og marked, drift og innkjøp. I fellesskap skal vi sikre deg solid fagleg og personleg utvikling.

Kva bakgrunn har du:

Det viktigaste for oss er dine personlege eigenskapar, og vi ynskjer å tilsette ein initiativrik og målretta person som har ambisjonar, både for seg sjølv og sin arbeidsgjevar. Vi ser også gjerne at du har bakgrunn frå økonomirelaterte fag, gjerne med interesse for logistikk. Vidare søkjer vi ein person som har interesse for fleire fagfelt, og som tives i grensensnittet mellom økonomi, finans, drift, innkjøp, salg og marked.

Vi ynskjer at du er: 

  • engasjert, initiativrik og målretta
  • er motivert med stort pågangsmot
  • strukturert, proaktiv og ein pådrivar 
  • har sterke analytiske eigenskapar

Som trainee i Airlift kan vi tilby følgjande:

  • ein spennande start på karrieren, der ein får mogelegheit til å utgjere ein skilnad
  • mogelegheit til å jobbe innanfor fleire fagfelt
  • å vere bidragsytar i eit selskap i vekst
  • fagleg og personleg utvikling

Når du er trainee får du dessutan:

  • delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram
  • nettverk med andre traineear
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee:

  •  Utdanning på bachelor eller masternivå
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unik år

 

Andre opplysningar:

• Som trainee i Airlift vil du ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram i frå august 2017 til august 2018.

• Løn etter avtale

STILLINGSANNONSER