DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Florø
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i iVest Consult, arkitektur

iVest Consult søkjer trainee innan arkitektur

iVest Consult AS er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling.

Selskapet har pr. i dag 32 fast tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi held til i sentrum av Florø, men har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

iVest Consult AS er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer trainee innan arkitektur til vår arkitektavdeling

Som trainee i iVest Consult og Framtidsfylket tilbyr vi deg

  • ein unik start på karrieren
  • nettverk med andre traineear
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • og eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Krav til Trainee i iVest Consult

  • Mastergrad
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Du har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

Trainee Arkitektur

Vi søkjer etter ein trainee på fagområdet arkitektur. På arkitektavdelinga jobbar vi med prosjektering og modellering av alle typar bygg, både for private og offentlege oppdragsgjevarar. Vi har pr. i dag 3,5 faste stillingar på avdelinga. Våre oppdrag er knytt både direkte til arkitektfaget, og til samarbeidsprosjekt med fagfelt som t.d. arealplan, konstruksjon, veg/VA, VVS og elektro.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere innanfor

  • Bygningsutforming, design av bygg
  • Detaljar i byggutforming
  • Beskrivelse av bygg
  • 3D illustrasjonar, fotoshop

Kvalifikasjonskrav – formelle og personlege eigenskapar

  • Mastergrad innan arkitektur og design (Sivilarkitekt).
  • Interesse for IT, særskilt innanfor 3D Modellering, Autocad og Revit.
  • Interesse for utarbeiding av oppgaveforståelse.
  • På sikt kan fylle ansvarsoppgåver innan prosjektering, beskrivelse av bygg og rådgjeving i høve til arkitektur og design.
  • Godt humør og engasjement og trivast med høgt tempo
  • Gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Opplæring i naudsynt programvare.
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde.
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø – både fagleg, i utføring av arbeidsoppgåver og sosialt.
  • Utviklingsplan for traineeperioden
  • Konkurransedyktige tilsettingsvilkår.
  • Ved evt. fast tilsetting etter traineeperioden, vil ein på vanlege vilkår få tilbod om medeigarskap i firma.

Ønsker du meir informasjon kan du kontakte:

Jan-Inge Hage, tlf 975 11 472,

e-post: jih@ivestconsult.no

Rune Melvær, tlf 917 89 080, 

e- post: rum@ivestconsult.no  

STILLINGSANNONSER