DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.‌

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Mediebruket, foretningsutvikling for digitale tjenester og produkt

Mediebruket søkjer trainee innan forretningsutvikling for digitale tenester og produkt

Mediebruket AS er eit konsulentselskap som utviklar webbaserte verktøy. Vi er ekspertar på skreddarsydd utvikling og drift av digitale løysingar – frå dei enklaste nettsider til avanserte logistikk- og kundebehandlingssystem, nettbutikkar og bookingløysingar.

Mediebruket er ei solid bedrift i vekst, og er snart oppe i sju medarbeidarar. I tillegg ønskjer vi gjennom ordninga Framtidsfylket Trainee å tilsetje ambisiøs forretningsutviklar med økonomibakgrunn, som kan vere med og ta oss til nye høgder.

Forretningsutviklar trainee

Som forretningsutviklar vil du arbeide med innovasjon innanfor dei digitale tenestene som Mediebruket og våre stadig fleire samarbeidspartnarar tilbyr.

Vi ønskjer både at du skal analysere og vere med og gjennomføre forbetringar av vårt eksisterande tenestespekter, metodar, økonomi, arbeidsverktøy m.m., i tillegg til å foreslå og utvikle nye tenester og produkt der vi får utnytta og kapitalisert på den breie IT- og mediekompetansen vi har i selskapet, med heile verda som marknad.

Du vil sjølv vere med og utforme innhaldet i stillinga. Men du må pårekne å få ansvar for gjennomføring av interne prosjekt, å utføre administrative oppgåver, skrive anbod, og å vere leiar for prosjekt hos kundane våre.

I Mediebruket får alle tilsette, i tillegg til løn, eit godt arbeidsmiljø og suverene arbeidsreiskapar:

  • fleksibel arbeidstid og -stad
  • knallbra pensjonsordning betalt av arbeidsgjevar
  • månadskort på treningssenter, og høve til å trene i arbeidstida
  • gratis lunsj, drikke og snacks
  • betalt reise og deltaking på relevante kurs og konferansar

Når du er trainee får du dessutan:

  • delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram
  • ein unik start på karrieren
  • nettverk med andre traineear
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Krav til søkjar:

  • Økonomibakgrunn
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Allsidigheit og fleksibilitet

Det er dessutan ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing og utarbeiding av forretningsplanar eller liknande.

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee:

  • Bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Du har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

Arbeidsstad: Førde i Sunnfjord. Vi held til i Kommunikasjonshuset Riksvegfem saman med ei rekkje andre spennande selskap innan kommunikasjon og kreative løysingar.

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Arild Finne Nybø, epost arild@mediebruket.no eller telefon 977 33 028.

STILLINGSANNONSER