DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.‌

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Leikanger
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, statistikk og analyse

Sogn og Fjordane Fylkeskommune søkjer trainee innan statistikk og analyse

Vi arbeider med analysar av samfunns- og næringstilhøva i fylket. Analysane vert nytta i arbeidet med regional planlegging og som støtte til kommunalt og interkommunalt plan og strategiarbeid. Stillinga er knytt til fylkesrådmannen sin plan-stab, men skal støtte opp om heile fylkeskommunen si verksemd med samfunnsanalysar.

Kort om arbeidsoppgåvene: 

  • Utarbeide analyse, tolking og presentasjon av statistikk
  • Rådgjeving innan statistikk og analyse

Vi krev: 

  • Høgare utdanning på bachelornivå innan samfunnsfag med statistikk og analysar
  • Kunnskap om og erfaring med gjennomføring av samfunnsanalysar 

Vi vektlegg:

  • Kunnskap om kvantitative og kvalitative metodar og analysar
  • Evne til å arbeide analytisk og systematisk
  • Vere samfunnsinteressert og ha lyst til å arbeide med ulike fagområder, td. utdanning, transport, miljø, demografi og folkehelse.
  • Erfaring med å bruke statistikk til overvaking og vurdering av resultat og effektar
  • Erfaring med handsaming av data, skriving av rapportar og bruk av rekneark
  • Evne til å arbeide nært saman med andre og fleksibilitet
  • God norsk framstillingsevne munnleg og skriftleg

Vi kan tilby deg:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ei ganske fri stilling der du har mogeligheit til å utvikle deg innan fagfeltet
  • Hjelp til å skaffe bustad

Arbeidsstad: Leikanger 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysningar får du hjå plansjef Synnøve Stalheim (tlf. 478 97 260)

Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje. Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. 

Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

STILLINGSANNONSER