DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Dale, Sunnfjord
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Enoro

Enoro søkjer trainee innan fleire fagfelt

Enoro AS søkjer trainee                                                      

Enoro AS er lokalisert i Dale i Sunnfjord, Fjaler kommune, og vart stifta i 1992 under namnet Elis AS.

Enoro er ein marknadsleiande partnar for den europeiske energibransjen, og leverer programvareløysingar for kundeinformasjon (KIS), Meter & Energy Data Management og Energy Analytics for energibransjen i Norge, Norden og Europa. 

Enoro står i dag bak 400 installasjonar og dekker over 15 millionar målepunkt.

Om lag 140 av dei tilsette i Enoro-konsernet arbeider i Enoro AS, der 95 arbeider ved det norske hovudkontoret i Dale i Sunnfjord og dei resterande ved avdelingskontora våre på Hamar, Lillehammer og i Trondheim.  Gjennom 25 år er det utvikla og levert energi og kraft bak smarte løysingar. 

I Enoro AS er det kompetansen og initiativet til den enkelte som driv kvardagen, og alle tilsette har såleis innverknad på dagleg drift og gode høve og utsikter for fagleg og personleg utvikling.

Vi ynskjer å tilsette ein trainee med kompetanse innan eitt eller fleire av områda:

  • produktutvikling,  
  • kundeservice og/eller
  • konsulenttenester

og med utdanning innan eitt av fagområda:

  • IT
  • økonomi 
  • energi

Vi verdset mangfald av erfaring og bakgrunn, og den rette personen kan såleis rekne med eit vidt spekter av arbeidsoppgåver – i Enoro er det mykje opp til eige talent og ambisjonar.

Tilsetjing:               August 2017

Arbeidsstad:         Hovudkontor - Dale i Sunnfjord

Heimeside:            www.enoro.no

Kontaktperson:   

Leif-Arne Skaar  - tlf. 57 73 99 70

STILLINGSANNONSER