DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.‌

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee Sunnfjord Energi, elkraft

Sunnfjord Energi søkjer trainee innan elkraft

Sunnfjord Energi er ei lokal drivkraft som står for utbygging og vedlikehald av straumnett, produksjon av fornybar energi frå vasskraftverk, og sal og omsetning av kraft. Vi er blant dei 25 største energiselskapa i landet (av 120), så vi er store nok til at medarbeidarane får  mange moglegheiter, samstundes som vi er små nok til at vi ser potensiale til den enkelte medarbeidar.

Vårt forsyningsområde er sju kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudkontoret ligg i Førde, ein by med om lag 13 000 innbyggarar. Våre verdiar vert spegla i omgrepa «Smidig, driftig og moderne». Selskapet ligg i forkant i bransjen når det gjeld modernisering, og arbeider etter filosofien LEAN.

Sunnfjord Energi er traineebedrift i det fylkesdekkande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee, 2017/2018.

Vi søkjer trainee med elkraftutdanning.

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2017 til august 2018

Som trainee i Sunnfjord Energi og Framtidsfylket tilbyr vi deg:

  • Traineeprogram med innføring i fleire fagområder i energiselskapet
  • Mentor med eigen erfaring frå traineeprogrammet hos Framtidsfylket
  • Stor variasjon i utfordringar og oppgåver
  • Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
  • Høve til å søkje på faste stillingar i Sunnfjord Energi

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Relevante oppgåver vil vere analyse, utvikling, prosjektering, planlegging og oppfølging av anlegg.

Vi søkjer deg som

  • har ein teoretisk bakgrunn innan Elkraft
  • har lyst til å lære og utvikle deg
  • har initiativ, stå-på vilje og godt humør

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee

  • utdanning på bachelor eller masternivå
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • beherskar norsk som arbeidsspråk
STILLINGSANNONSER