DNV GL

Bedriftpresentasjoner

Teknologiporten arrangerer hvert år mange bedriftspresentasjoner for NTNU-studenter.‌

Trykk for å se bedriftspresentasjonene våre!

FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Florø
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Fram Flora, entreprenørskap og innovasjon

Fram Flora søkjer trainee innan entrepenørskap og innovasjon

Fram Flora er eit næringsutviklingsselskap som har som hovudmål å skape og sikre arbeidsplassar igjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Vi er næringsutviklar for Flora Kommune som inneber å administrere 1. linjetenesta, det Kommunale Næringsfondet og leie prosjekt som sikrar og bidreg til styrking og utvikling av det lokale næringslivet.

Fram Flora er ein av Siva sine inkubatorar og kan dermed bidra til utviklinga av framtidas vekstverksemder i regionen. For å sikre eit innovativt og aktivt miljø for utvikling i Sogn og Fjordane administrera vi også ein eigen «idelab».

For å skape grobotn for eit veksande og aktivt næringsliv søkjer og driv Fram Flora fleire ulike næringsutviklingsprosjekt, både lokalt og regionalt.

Innan desse områda skal Fram Flora vere prosjektleiar, rådgjevar og koplingsaktør for ny-etableringar, eksisterande næringsliv og prosjekt. Fram Flora skal legge til rette for at regionen tiltrekk seg investeringar og talent, gjennom omdømmebygging, synleggjering av moglegheiter, nyttegjering av beste praksis og gjennom å skape ein sunn prestasjonskultur.

Vi søkjer no ein motivert, fagleg sterk og ambisiøs trainee til vårt selskap.

Har du interesse for utvikling av det innovative miljøet i regionen og kompetanse for å kunne identifisere gode næringsutviklingsprosjekt med merksemd på moglegheiter innan EU? Då kan dette vere ein unik moglegheit for deg!

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2017 – august 2018.

Som trainee i Fram Flora og Framtidsfylket tilbyr vi deg

·        Ein unik start på karrieren

·        Nettverk med andre traineear

·        Fagleg og personleg utvikling

·        Ein mentor som følgjer deg opp

·        Og eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee

·        Bachelor eller mastergrad

·        Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar

·        Du har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

·        Beherske norsk som arbeidsspråk

Om stillinga

·        Bidra til å utvikle det innovative miljøet rund idelab og inkubator

·        Bidra til å sikre eit breiare og fylkesdekkande nedslagsfelt for inkubasjon

·        Bidra til etablering av gode næringsutviklingsprosjekt

Kvalifikasjonar

·        Utdanning og/eller interesse innan entreprenørskap

·        Utdanning og/eller interesse for forretningsutvikling

·        Utdanning og/eller interesse for moglegheiter prosjekt innan EU

·        Utdanning og/eller interesse for innovasjon

Personlege eigenskapar

·        Open og utettervend med gode samarbeidsevner

·        Fagleg sterk

·        Løysningsorientert

·        Kvalitetsbevisst og ambisiøs

·        Initiativrik og sterk gjennomføringsevne

·        Arbeider godt både i team og sjølvstendig

Fram Flora tilbyr

·        Konkurransedyktige vilkår

·        Godt arbeidsmiljø med stor takhøgde

·        Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

·        Brei bransjekunnskap og unik innsikt i innovative prosessar

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om traineestillinga.

Lone Bareksten, tlf 47262635 / lone@framflora.no

STILLINGSANNONSER