FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Sogn og Fjordande
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Traineestillinger 2017/2018

Du er nyutdanna. År med studium er historie, og det er tid for å teste kunnskapen i praksis. Kva karrierestige vel du?

Som trainee er du tilsett i eit selskap som ynskjer din kompetanse. Du får eit år med skreddarsydd innhald i bedrifta di og du får ein mentor som skal følgje deg opp. Du skal i tillegg sjå fleire nivå av organisasjonen og få innsikt i korleis bedrifta fattar slutningar. Denne jobben med oppstart august 2017 er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga.

Fire gongar i løpet av traineeåret deltar du på faglege fellessamlingar – kvar gong på ein ny plass i fylket. Her møtast alle traineeane i dei ulike bedriftene. På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane, samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Vi legg òg opp til ein studietur til utlandet i april/mai. Dei siste fire åra har turen gått til Brussel for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

Framtidsfylket Trainee er Noregs eldste regionale traineeprogram og ca 150 traineear har vore gjennom programmet – og dei fleste har blitt med fast jobb. Ordninga er svært populær og attraktiv for nyutdanna og i  2016/2017 satt vi ny søkjarrekord med over 1050 søknader på 15 stillingar – 70% av søkjarane kom utanfrå Sogn og Fjordane.

Les meir om ordninga i magasinet vårt #utanfilter her.

Trykk her for å sjå traineestillingane for 2017/18!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb i eit nettverk av kompetansebedrifter
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer Framtidsfylket Trainee: 

  • Fullført bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

Don’t get trapped - #beasognandfjording