FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Florø
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i iVest Consult, landskapsarkitektur

iVest Consult søkjer trainee innan landskapsarkitektur

iVest Consult AS er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling.

Selskapet har pr. i dag 32 fast tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi held til i sentrum av Florø, men har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

iVest Consult as er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer trainee innan landskapsarkitektur til vår plan- og infrastrukturavdeling

Som trainee i iVest Consult og Framtidsfylket tilbyr vi deg

  • ein unik start på karrieren
  • nettverk med andre traineear
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • og eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Krav til trainee i iVest Consult

  • Mastergrad
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Du har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

Trainee Landskapsarkitektur

Vi søkjer etter ein trainee på fagområdet plan. På plan jobbar vi med arealplanlegging, utgreiingar, prosjektering og modellering både for private og offentlege aktørar. Vi har pr. i dag 2,5 faste stillingar på planseksjonen. Våre oppdrag er knytt både direkte til arealplanarbeid, og til samarbeidsprosjekt med fagfelt som t.d. arkitekt, konstruksjon, veg/VA, VVS og elektro.

Aktuelle arbeidsoppgåver for kan vere innanfor

  • formgjeving i arealplanar og i vegplanar
  • detaljar i utforming av tun, uteareal, vegar/gater osv.
  • illustrasjonar
  • landskapsanalysar
  • ROS-analyser og konsekvensutgreiingar med vekt på landskap, naturgrunnlaget, formgjeving og design.

Kvalifikasjonskrav – formelle og personlege eigenskapar

  • Mastergrad innan landskapsarkitektur
  • Interesse og kjennskap til arealplanlegging og planprosessar
  • Interesse for IT, særskilt innanfor 3D Modellering, Autocad og Focus
  • På sikt kan fylle ansvarsoppgåver innan prosjektering, utgreiing og rådgjeving i høve til arealplanarbeid.
  • Godt humør og engasjement og trivast med høgt tempo
  • Gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Opplæring i naudsynt programvare.
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde.
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø – både fagleg, i utføring av arbeidsoppgåver og sosialt.
  • Utviklingsplan for traineeperioden
  • Konkurransedyktige tilsettingsvilkår.
  • Ved evt. fast tilsetting etter traineeperioden, vil ein på vanlege vilkår få tilbod om medeigarskap i firma.

Ønsker du meir informasjon kan du kontakte:

 Janicke Svendal,    tlf. 966 27 987,      Epost: jas@ivestconsult.no

 Jan-Inge Hage,      tlf 975 11 472,       Epost: jih@ivestconsult.no