FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Sogn og Fjordane Fylkeskommune innen fysisk aktivitet,friluftsliv, folkehelse og kultur for alle

Sogn og Fjordane Fylkeskommune søkjer trainee innan fysisk aktivitet, friluftsliv, folkehelse og kultur for alle

Som trainee i nærings- og kulturavdelinga vil du få jobbe med ulike oppgåver innan feltet fysisk aktivitet, friluftsliv, folkehelse og kultur for alle. Vi samarbeid med kommunar og frivillig sektor for å fremje og utvikle feltet. Oppgåvene du får vere med å løyse, vil vere innan sakshandsaming, utgreiingsoppgåver og prosjektretta arbeid, slik som t.d.: 

  • handsame søknader om tilskot til tiltak innan fysisk aktivitet og friluftsliv
  • handsame søknader om spelemidlar
  • samarbeid med kommunane og frivillig sektor om aktivitetsskapande tiltak innan folkehelse
  • tiltak som fremjar universell tilrettelegging

Vi krev: 
Relevant utdanning innan folkehelse, friluftsliv eller annan kulturfagleg utdanning på minimum bachelornivå

Vi vektlegg:

  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, institusjonar og/eller offentleg sektor
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid på tvers
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God på samarbeids- og nettverksorientering
  • Serviceinnstilling
  • Evne til refleksjon og løysingsorientering
  • God gjennomføringsevne
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Førarkort for bil 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid 

Du vil møte eit variert arbeidsmiljø der du både vil få opplæring og rettleiing, og der du vil kunne påverke og utvikle arbeidet vårt.

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Storehagen Atrium i Førde. 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Nærmare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad (telefon 415 30 941)
 
Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje.
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.