FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Stryn
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Aaland Arkitektkontor

Aaland Arkitektkontor søkjer trainee innan arkitektur

Aaland Arkitektkontor held til i Stryn og arbeider innanfor fagfelta arkitektur, byggesaker, arealplaner og regulering, både innan privat og offentleg sektor. Vårt oppdragsområde er stort sett i heile Sogn og Fjordane fylke, men vi har også sporadiske oppdrag  rundt omkring i heile Norge.

Aaland Arkitektkontor har pr. i dag 6 tilsette, og vi søker no etter  ein siv. arkitekt for å styrke den faglege kompetansen og kapasiteten innan arkitektur. Vi har fått fleire spennande oppdrag og utfordringar·i nærmiljøet, og Gondolbaneprosjektet Hoven Loen med ferdigstillelse mai 2017 er eit slikt eksempel. Vi arbeider i Autocad og Revit 30 på arkitektur, Focus og Novapoint Map på arealplaner.

Aaland Arkitektkontor as er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer no trainee innan Arkitektur til Arkitektavdelinga

På arkitektavdelinga jobbar vi med prosjektering og modellering av alle typar bygg, både for private og offentlege oppdragsgjevarar. Våre oppdrag er knytt både direkte til arkitektfaget, og til samarbeidsprosjekt med fagfelt som t.d. arealplan, konstruksjon, veg/VA, VVS og elektro.

Aktuelle arbeidsoppgåver for Traineen vil vere innanfor:
Bygningsutforming, design av bygg, detaljar i byggutforming,  beskrivelse av bygg, 3D illustrasjonar, fotoshop.

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram. Som trainee i Aaland Arkitektkontor og Framtidsfylket tilbyr vi deg

  • Ein unik start på karrieren
  • Nettverk med andre traineear
  • Ein mentor som følgjer deg opp
  • Eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv i Sogn og Fjordane

Vår Trainee må ha:

  • Mastergrad innan arkitektur og design (Sivilarkitekt).
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

Vi ønskjer deg som har:

  • Interesse for IT, særskilt innanfor  3D Modellering, Autocad og Revit. 
  • Interesse for og utarbeiding av oppgaveforståelse.
  • På sikt kan fylle ansvarsoppgåver innan prosjektering, beskrivelse av bygg og rådgjeving i høve til arkitektur og design.

Vi i Aaland Arkitektkontor as ønskjer at du: 

•     Har godt humør og engasjement og trivast med høgt tempo
•     Har gode evnar og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i team
•     Har gode evnar til skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Aaland arkitektkontor kan tilby deg:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Opplæring i naudsynt programvare.
  • Spanande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde.
  • Ein arbeidsplass med fokus på miljø - både fagleg og sosialt.
  • Konkurransedyktige tilsettingsvilkår.