FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Florø
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Fjord1

Fjord1 søkjer trainee innan fleire fagfelt

Fjord1 AS opererer ferjesamband frå Sør-Trøndelag til Rogaland. Vi er ein attraktiv arbeidsgjevar som kontinuerleg søkjer kompetanse innanfor fleire ulike fagområde både på sjø og på land. Vi er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Det grøne skiftet kjem til å dominere ferjenæringa i åra som kjem. Her vil Fjord1 spele ei leiande rolle. For meir informasjon om selskapet, besøk heimesida vår: fjord1.no

Trainee i Noregs største ferjeselskap

Fjord1 står framfor den mest spennande tida i selskapets historie. Vil du vere med på laget?

Det grøne skiftet og store endringar i ferjeanboda gjer at Fjord1 er eit selskap i rivande utvikling. Med eit bredt fagmiljø er moglegheitane mange for den som ønskjer å spele ei skapande rolle i verksemda.

Er du nyutdanna med interesse for innovasjon, teknologi, fornybar energi, skipsteknikk, økonomi, finans, forretningsutvikling, innkjøp, IKT, HR  eller leiing, så er det kanskje nettopp deg vi ser etter.

Fjord1 søkjer etter ein traineekandidat med bachelor eller mastergrad som har ønske om å gjere ein innsats i selskapet. Fortel oss difor kvifor nettopp du skal bli vår nye trainee frå hausten 2017.

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2017 til august 2018.

Som trainee i Fjord1 og Framtidsfylket kan vi tilby følgjande:

• Ein unik start på karrieren

• Nettverk med andre traineear

• Fagleg og personleg utvikling

• Ein mentor som følgjer deg opp

• Eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Ønska kvalifikasjonar:

  • Bachelor eller master innan skipsteknikk/økonomi  og administrasjon/energi og miljø/skipsdesign/strategi/leiing/innovasjon
  • Interesse for områda innovasjon, teknologi, kraft, fornybar energi, miljøvennleg omstilling, leeing, forretningsutvikling, tallknusing m.m.

Personlege eigenskapar:

• Kreativ, løysingsorientert og skapande

• Motivert, engasjert og utadvent

• Strukturert, proaktiv og pådrivar

• Sterke analytiske eigenskapar

• Gode kommunikasjonsevner

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee:

• Utdanning på bachelor eller masternivå

• Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar

• Vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unik år

Arbeidsstad:

• Florø

Andre opplysningar:

• Som trainee i Fjord1 vil du ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram i frå august 2017 til august 2018.

• Løn etter avtale

Kontaktinformasjon: Cicilie Færestrand, tlf 997 32 263, e-post: cicilie.faerestrand@fjord1.no