FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Åsen & Øvrelid as, bygg og anlegg

Åsen & Øvrelid søkjer trainee innan bygg og anlegg

Åsen & Øvrelid AS er ei av dei største entreprenørbedriftene i Sogn og Fjordane, omset for om lag 400 mill. i året og har rundt 110 tilsette. Vi utfører alle typar byggeoppdrag, men vår hovudaktivitet er knytt til oppføring av større bygg både for offentlege og private utbyggarar.

Åsen & Øvrelid AS er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer no ein trainee med stor interesse for byggfag og høge ambisjonar for eiga utvikling.

Kandidatane vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram

Som trainee i Åsen & Øvrelid AS og Framtidsfylket tilbyr vi deg

  • ein unik start på karrieren
  • nettverk med andre traineear
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv

Kva arbeidsoppgåver kan du vente deg?

Som trainee vil du få ein unik moglegheit til å bli kjent med vår organisasjon og få oversikt over dei ulike moglegheitene ein har i vår bedrift. Du vil få arbeidsoppgåver både knytt opp mot enkeltprosjekt, og opp mot fellesytingar i bedrifta. Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:

  • Framdriftsplanlegging og oppfølging på byggeplass
  • Oppfølging av kontrakter med underentreprenørar og leverandørar
  • Delta i kalkulasjon og anbodsrekning
  • Økonomioppfølging
  • HMS og KS arbeid
  • Miljøstyring
  • Prosjektutvikling

Kven ser vi etter?

Du har bachelor eller mastergrad innan bygg- og anleggsrelaterte fag. Om du har tatt fag knytt til prosjekt- eller byggeleiing er dette eit ekstra pluss. Som person må du være initiativrik og ha trua på deg sjølv.  Vidare set vi pris på kremmarånd og vinnarvilje, og at du har høge ambisjonar rundt eiga utvikling.

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee

  • Bachelor eller mastergrad
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Du har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år

Kva kan vi tilby?

Som trainee i Åsen & Øvrelid AS vil du få varierte og spennande arbeidsoppgåver knytt til mange spennande byggeprosjekt, og du vil bli ein del av vårt gode arbeidsmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. Er du lærevillig og engasjert har vi svært gode utviklings-moglegheiter og moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag. Vidare tilbyr vi konkurranse-dyktige lønn, bonusordning og gode forsikringsordningar. Arbeidsstad er Førde.

Har du spørsmål om stillinga kontakt Dagleg Leiar Finn Ove Øen tlf:95985618