FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Sandane
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Sogn og Fjordane Energi

SFE søkjer trainee innan fleire fagfelt

Fornybar energi er framtida – og Sogn og Fjordane Energi (SFE) si kjerneverksemd, som er basert på rein vasskraft frå fjordfylket.
 
Våre 250 engasjerte medarbeidarar jobbar innan elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir. Vi søkjer etter ein trainee med bachelor- eller mastergrad som ønskjer å gjere ein innsats innan eit av våre fagmiljø.

Trainee hos SFE

Blir du trainee hos oss, vil du ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2017 til august 2018. Som trainee i SFE får du:

  • ein unik start på karrieren
  • fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt nettverk med dei andre traineeane i fylket
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • eit unikt innsyn i eit mangfaldig næringsliv i Sogn og Fjordane

Vi ønskjer at du har personlege eigenskaper som er i tråd med verdiane i SFE:

  • Stolt - du er engasjert  og handlekraftig
  • Frisk - du er eit frisk pust  som søkjer personleg utvikling
  • Ekte - du er ærleg og har gode haldningar

Generelle krav til Framtidsfylket Trainee er

  • utdanning på bachelor eller masternivå
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • beherskar norsk som arbeidsspråk

Arbeidsstad: Sandane/Florø

Lønn etter avtale

Tilsetting: august 2017

Kontaktperson
Per-Øyvind Sørbø

Tel. 480 24 999