FRIST:
1. mars 2017 00:00
TYPE:
Fast jobb
ARBEIDSSTED:
Førde
FAGFELT:
KONTAKT:
Søk her

Trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, forretningsutvikling

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer trainee innan forretningsutvikling

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største sparebanken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på vel 49 milliardar kroner og sysselset nær 275 personar. Banken har kontor i 21 kommunar i fylket i tillegg til kontor i Bergen.

Sparebanken Sogn og Fjordane er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer no trainee innan Forretningsutvikling. Har du interesse for bank og finans, og interessert i samfunnsutvikling, kan du være den vi vil ha med på laget kommande år.

Arbeidsoppgåver:

  • Kommunikasjon og PR. 
  • Digital marknadsføring. 
  • Programmering . 
  • Utvikling web/mobil/DevOps . 
  • Prossessmodellering. 
  • Analyse og statistikk.

Vi søker deg som:

  • Er nysgjerrig og lærevillig. 
  • Er engasjert og sosial. 
  • Har interesse for kommunikasjon og teknologi. 
  • Har interesse av å forstå, kartlegge og forbetre store og små delar av ein kompleks organisasjon og systemportefølje.
  • Er jordnær og set pris på å jobbe i et uformelt miljø med høgt tempo, kor ingen oppgåver er for store eller for små.
  • Er komfortabel med å bruke engelsk skriftleg og munnleg.