Stilling hos:

Framtidsfylket

CrediCare søkjer trainee innan marknadsføring og kommunikasjon

Frist: 1. mars 2018 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Førde

Fagfelt: Trainee

Kontakt: Tine Okstad Vie 228 07 057

CrediCare leverar betalingsløysingar og kredittoppfølging til bedrifter, helseføretak og treningssenter i Noreg. Vi utviklar og driftar løysingar integrert i oppdragsgjevars økonomisystem, journalsystem eller medlemssystem som automatiserer og forenklar betaling og kredittoppfølging. Vi leverar også kunde- og pasientservice som en del av tenesta, slik at betalar alltid får den hjelpa dei treng.

CrediCare er ei kompetansebedrift med høgt arbeidstempo og kor entreprenørånda står sterkt. 40 engasjerte menneske har sitt daglege virke i CrediCare, med hovudkontor i Førde og salsavdeling på Gjøvik.

Har du interesse for marknadsføring, kommunikasjon og likar å leike med språk og visuelle uttrykk, kan du vere den vi vil ha med på laget komande år?

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Som trainee hos CrediCare tilbyr vi deg

  • Ein unik start på karriera
  • Nettverk med andre traineear
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein mentor som følgjer deg opp
  • Sentral deltaking i vår sals- og marknadsprosess

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved vårt kontor i Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Kommunikasjonsstrategi: Bistå med å utarbeide ei oversikt over selskapets totale kommunikasjonsbehov og kva kanalar selskapet skal bruke.
  • Marknadskommunikasjon: Presentasjon- og marknadsmateriell, kampanjar, nyheitsbrev, video og oppdatering av nettsider.
  • Hovudansvar for å drifte og vidareutvikle selskapets innhaldsmarknadsføring. Herunder trafikk- og effektmåling av digital marknadsføring. 
  • Produktutvikling: Delta i selskapets produktutvikling med fokus på kommunikasjon og konseptuering av produkt og brukarflater.
  • Vidareutvikle og effektivisere selskapets sals- og marknadsprosess
  • Arrangementsplanlegging og gjennomføring
  • Marknadsanalyser
  • Kommunikasjon til potensielle og eksisterande kundar, og blir ei viktig brikke i eit framoverlent marknad- og kundeteam

Kvalifikasjonskrav – formelle og personlege eigenskapar

  • Erfaring eller kompetanse innan marknadsføring, sal og marknadsretta kommunikasjon
  • Interesse for å bruke visuelle uttrykk som foto, video og design for å fange mottakar og formidle  bodskap
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Løysningsorientert og strukturert
  • Evnar både å fokusere på detaljnivå og heilhet i løysingar
  • Arbeidar godt både i team og sjølvstendig

Vi kan tilby deg

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Godt arbeidsmiljø med god takhøgd
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver

 

Ta kontakt med Tine Okstad Vie; tine@credicare.no for ytterligare informasjon.

 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.