Stilling hos:

Framtidsfylket

Strukturplast/Bano-gruppen søkjer trainee innan økonomi og rekneskap

Frist: 1. mars 2018 00:00

Type: Traineeprogram

Arbeidssted: Sandane

Fagfelt: Trainee

Kontakt: Tommy Gustav El Sayed 478 85 388

Strukturplast AS er eit selskap i Banogruppen med totalt 150 tilsette, der 50 har sin arbeidsstad på Sandane. Gruppa omset for 300 millionar kvart år, har solid økonomi og er i sterk vekst. Banogruppen vil i 2018 flytte inn i nye kontor og ikkje minst ny fabrikk på Sandane. Gruppa har kontor i alle nordiske land, i tillegg til fabrikkar både i Noreg og Sverige.

Som trainee i Strukturplast/Bano-gruppen tilbyr vi deg

  • Varierte arbeidsoppgåver i ei offensiv bedrift
  • Praktisk og spennande opplæring i både rekneskap og finans
  • Opplæring på kontor og i fabrikk på Sandane
  • Opplæring på fabrikk i Sverige
  • Opplæring ved kontora i Oslo og Bergen

Stillinga inngår i Strukturplast/Bano si rekneskapsavdeling. 

Arbeidsstad er Sandane i Nordfjord, men noko reiseaktivitet må påreknast til ulike avdelingar i Stockholm, København, Oslo, Töcksfors (Sverige) og Bergen.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan økonomi/rekneskap
  • Du må vere strukturert og like å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du må vise engasjement for jobben, og vere villig til å stå på i hektiske periodar

Som Framtidsfylket-trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
 

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du får

  • Ei stilling i ei internasjonal industrigruppe i vekst, med stort potensiale og ein solid økonomi
  • Du får jobbe i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, i ein region som gir deg mange moglegheiter til å dyrke friluftsinteresser
  • Du får gode utviklingsmoglegheiter og konkurransedyktige vilkår

Tilsetting: August 2018 til August 2019, og det er mogleg å starte tidlegare med arbeidsoppgåver som ligger utanfor Trainee-ordninga.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i TELSA AS, Tommy Gustav El Sayed. TELSA er rådgjevar for Bano-gruppen ved rekruttering. Mobil: 47885388. E-post: tommy@telsa.no

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket.